Vladimir Lenin

Den tiande kongressen til RKP(b)


Teser fremja på den tiande kongressen til Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane) 8.-16. mars 1921. Prenta i boka Den tiande kongressen til RKP(b) stenografisk referat.

Den tiande kongressen til RKP(b) – vart halden i Moskva frå 8. - 16. mars 1921. På kongressen tok det del 694 delegatar med røyste og talerett og 296 delegatar berre med talerett. Dei representerte 772 521 partimedlemer. På kongressen vart det mellom anna drøfta desse sakene: Meldinga frå sentralkomiteen, overgangen til naturalskatt frå innleveringsplikta, den økonomiske rolla til fagforeiningane, spørsmålet om partioppbygginga, dei næraste oppgåvene for partiet i det nasjonale spørsmålet osb.

Lenin opna partikongressen og stod i leiinga for heile arbeidet. Han gav melding om den politiske verksemda til sentralkomiteen og talte om overgangen frå innleveringsplikta til naturalskatten. Han talte om einskapen i partiet og om det anarko-syndikalistiske avviket. Han kom med framlegg til dei viktigaste resolusjonane.

Kongressen synte særleg merksemd til spørsmålet om einskapen i partiet. Lenin avslørte og kom med skarp kritikk av dei antimarxistiske synspunkta til opposisjonsgruppene. Resolusjonen "Om einskapen i partiet" vart vedteke etter framlegg frå Lenin. Denne resolusjonen gav ordre om at alle fraksjonar og grupper som ville svekkja partieinskapen straks skulle oppløysast. Kongressen gav sentralkomiteen makt til å ekskludera jamvel medlemmer i sentralkomiteen frå partiet om dei dreiv med fraksjonsverksemd.

Kongressen vedtok også etter framlegg frå Lenin: "Om det syndikalistiske og anarkistiske avviket i partiet vårt". Dette resolusjonsframlegget avslørte synspunkta til "arbeidaropposisjonen" som eit uttrykk for småborgarleg anarkistisk vakling. Det vart vedteke at ein ikkje kunne driva med propaganda for anarko-syndikalistiske idear og samstundes vera medlem i partiet.

Kongressen gjorde ei oppsummering av diskusjonen om rolla til fagforeiningane i den økonomiske utviklinga og fordømde ideane til trotskistane, "arbeidaropposisjonen", "dei demokratiske sentralistane" og andre opportunistiske retningar. Med overveldande fleirtal vart det vedteke ei plattform som slo fast at fagforeiningane var ein skule i kommunisme og at det måtte setjast i verk naudsynte tiltak for å utvikla demokratiet i fagforeiningane.

Ein kommisjon som stod under leiing av Lenin utarbeidde kongressvedtaka når det gjaldt nasjonalitetspolitikken til partiet under dei nye vilkåra. Dette var spørsmålet om å få vekk den faktiske ulikskapen mellom folka som hadde vore undertrykt i det tsaristiske Russland. Det var spørsmålet om å trekkja dei med i den sosialistiske oppbygginga. Det var Stalin sorti la fram meldinga om det nasjonale spørsmålet. Kongressen fordømde avvika frå partilina i det nasjonale spørsmålet. Det var på den eine sida stormaktssjåvinismen (den storrussiske sjåvinismen) og på den andre sida den lokale nasjonalismen. Kongressen fordømde båe desse avvika som skadelege og farlege for kommunismen og den proletariske internasjonalismen. Samstundes retta kongressen hovudslaget mot stormaktsinnstillinga. Denne vart trekt fram som hovudfaren, som leivningar av ei innstilling til nasjonalitetane som likna på den dei stor-russiske sjåvinistane viste overfor dei ikkje-russiske folka under tsar-veldet. (Sjå SUKP(b)s historie, Forlaget Oktober 1974, side 265 - 270.)

Tekst og noter er tekne frå boka: Lenin: Oppbygginga av Sovjet-økonomien frå band 12 i serien Lenin - utvalgte verker i 12 bind, Forlaget Oktober 1978, s. 11-19.

Koda av Mathias Bismo for Elektronisk Marxisme, november 1999


Fyrste utkast til resolusjon på 10. kongressen til RKP om einskap i partiet

1. Kongressen vil gjera alle medlemer av partiet merksame på at nett no, når ei rekkje omstende får den småborgarlege folkesetnaden i landet til å vakla sterkare, då er det særskilt avgjerande med einskap og samhald i rekkjene til partiet, at det rår full tillit mellom partimedlemene og at det vert drive eit retteleg samstemmig arbeid som verkeleg er uttrykk for den samstemte viljen til proletariatets fortropp.

2. Utan omsyn til dette har det jamvel før den allmenne diskusjonen i partiet om fagforeiningane korne til syne ein del teikn på fraksjonsverksemd i partiet. Det har vorte skipa grupper med eigne plattformer, og dei har til ei viss mon freista skilja seg ut og skapa sin eigen gruppedisiplin. Slike teikn på fraksjonsverksemd kom t.d. til synes på ein partikonferanse i Moskva (i november 1920) og på ein partikonferanse i Kharkov [1], frå gruppa i den såkalla "arbeidaropposisjonen" [2] og delvis frå gruppa av dei såkalla "demokratiske sentralistane" [3].

Alle klassemedvitne arbeidarar må få det klårt for seg at all slags fraksjonsverksemd er skadeleg og utillateleg. I praksis leier fraksjonsverksemd uunngåeleg til at det samstemmige arbeidet vert svekkja, utan omsyn til om medlemer i einskilde grupper ynskjer å verna om einskapen i partiet. Fraksjonsverksemd leier til at fiendane til regjeringspartiet, dei som har klengt seg innpå det, styrkjer seg og tek opp att freistnadene sine på å auka kløyvinga og å nytta henne til kontrarevolusjonære føremål.

Korleis fiendane til proletariatet dreg føremon av kvart avvik frå ei gjennomført heilskapleg kommunistisk line, synte seg kanskje mest slåande i samband med mytteriet på Kronstadt [4]. Då gav borgarlege kontrarevolusjonære og kvitegardistar i alle land i verda uttrykk for at dei var klåre til å godta parolane til sovjetsystemet, dersom dei berre med det kunne sikra at proletariatets diktatur i Russland vart styrta. Og på Kronstadt tydde dei sosialrevolusjonære og dei borgarlege kontrarevolusjonære som heilskap til parolar som oppmoda til oppreist mot sovjetregjeringa i Russland, tilsynelatande i interessene til sovjetmakta. Desse kjensgjerningane provar fullt ut at kvitegardistane strevar etter -og er i stand til - å forkle seg som kommunistar, og jamvel som kommunistar som står lengst til venstre, berre for å kunne svekkja og øydeleggja bolverka til den proletariske revolusjonen i Russland. Flygeblad som mensjevikane delte ut i Petrograd like før mytteriet på Kronstadt syner på same måten korleis mensjevikane drog føremon av meiningsskilnader og visse tillaup til fraksjonsverksemd innafor Russlands kommunistiske parti. Nett slik fekk dei høve til å eggja og stø mytteristane på Kronstadt, dei sosialrevolusjonære og kvitegardistane, samstundes som dei hevda at dei var imot mytteriet og stødde sovjetmakta, berre med tilsynelatande små endringar.

3. I dette spørsmålet burde propagandaen på den eine sida innehalda ei uttømmande forklåring på kor skadeleg og farleg fraksjonsverksemd er, sett ut ifrå einskapen i partiet, og ut ifrå at det er eit grunnleggjande vilkår for at proletariatets diktatur skal ha framgang at fortroppen til proletariatet når fram til ein einskapleg vilje. På den andre sida må propagandaen innehalda ei forklåring over kva som særskilt særmerkjer dei siste taktiske påfunna til fiendane av sovjetmakta. Desse fiendane har innsett at kontrarevolusjonen er vonlaus under eit ope kvitegardistisk flagg, og gjer no det dei kan for å dra nytte av meiningsskilnadene innan Russlands kommunistiske parti. Dei gjer det dei kan for å fremja kontrarevolusjonen på den eine eller den andre måten, med å overføra makt til ei politisk gruppe som utetter står nærast til å godkjenna sovjetmakta.

Propagandaen må og ta for seg lærdomane frå tidlegare revolusjonar, der kontrarevolusjonen la vinn på å stø den opposisjonen som stod nærast det mest ytterleggåande revolusjonære partiet. På denne måten ville kontrarevolusjonen undergrava og styrta det revolusjonære diktaturet, og såleis gjera veg for at kontrarevolusjonen, kapitalistane og godseigarane, seinare kunne sigra fullstendig.

4. I den praktiske kampen mot fraksjonsverksemda må alle partiorganisasjonane ta strenge åtgjerder for å forhindra alle fraksjonelle handlingar. Kritikk mot manglane ved partiet er absolutt naudsynt. Men han må førast fram på ein slik måte at kvart einaste praktisk framlegg straks, utan utsetjing og så nøyaktig som mogleg, vert sendt over til dei leiande lokale og sentrale partiorgana, slik at dei kan vurdera dei og avgjera dei. Vidare må kvar einaste kritikar sjå til at kritikken hans får ei form der det vert teke omsyn til at partiet står i ei stilling der det er innringa av ein krins av fiendar. Innhaldet i kritikken må vera slik at kritikaren med å ta direkte del i arbeid i sovjeta og i partiet kan få prøvd ut i praksis om partiet eller einskilde partimedlemer rettar feila sine.

Analysar av den allmenne partilina, vurderingar av dei praktiske røynslene til partiet, kontrollar med om avgjerdene er sette ut i livet, studiar av metodar for åretta feil osb., må under ingen omstende leggjast fram til førehandsdiskusjon i grupper som er skipa på grunnlag av "plattformer" osb. Dei må alltid leggjast fram til beinveges diskusjon for alle partimedlemene. For å få dette til må kongressen gjera vedtak om at Diskussioni Listok [5] skal koma ut meir regelmessig. Særskilde samlingar av diskusjonsnummer skal og gjevast ut. På dette viset må ein heile tida fremja arbeidet med å tryggja at kritikken vert konsentrert om viktige saker, og ikkje får ei form som kan vera til hjelp for klassefiendane til proletariatet.

5. Kongressen går prinsipielt imot avviket i retning av syndikalisme og anarkisme, som vert teke opp i ein særskilt resolusjon [6], og gjev sentralkomiteen instruks om å sjå til at all fraksjonsverksemd vert fullstendig fjerna. Samstundes kunngjer kongressen at alle praktiske framlegg som gjeld spørsmål som t.d. den såkalla "arbeidaropposisjons"-gruppa har vore særleg oppteken av, slike som å reinsa partiet for ikkje-proletariske og upålitande element, å kjempa mot byråkratisk praksis, å utvikla demokrati og initiativet til arbeidarane osb., må vurderast særs merksamt og prøvast ut i praksis. Partiet må vita at vi ikkje har teke alle naudsynte åtgjerder når det gjeld desse spørsmåla på grunn av ymse hindringar. Men samstundes som partiet utan nåde avviser upraktisk og fraksjonistisk kvasikritikk, vil det utan opphald halda fram å kjempa med alle middel - og prøva ut nye metodar i kampen - mot dei byråkratiske plagene, for å utvida demokratiet og initiativet, for å oppdaga, avsløra og utvisa frå partiet folk som har snike seg inn i rekkjene, osb.

6. Kongressen kunngjer difor med dette at alle grupper som er skipa på grunnlag av ei eller anna plattform (slik som "arbeidaropposisjons"-gruppa, gruppa av dei "demokratiske sentralistane") utan unntak er oppløyste, eller straks må oppløysast. Den som ikkje rettar seg etter denne avgjerda frå kongressen, skal utan vilkår og straks ekskluderast frå partiet.

7. For å sikra ein streng disiplin innan partiet og i alt sovjetarbeid, og for å sikra så stor einskap som råd i å fjerna all fraksjonsverksemd, gjev kongressen sentralkomiteen fullmakt til å ta i bruk alle partistraffar, medrekna eksklusjon, i tilfelle med brot på partidisiplinen eller med gjenoppliving eller godtaking av fraksjonsverksemd. Når det gjeld medlemer av sentralkomiteen, kan dei degraderast til varamedlemer og som eit siste tiltak ekskluderast frå partiet. Eit naudsynleg vilkår for at eit slikt siste tiltak kan nyttast mot medlemer av sentralkomiteen, varamedlemer av sentralkomiteen og medlemer av kontrollkommisjonen, er at det vert kalla inn til plenumsmøte i sentralkomiteen. Der skal alle varamedlemer av sentralkomiteen og alle medlemer av kontrollkommisjonen kallast inn. Dersom ei slik generalforsamling av dei mest ansvarlege leiarane i partiet med to tredels fleirtal avgjer at det er naudsynt å degradera ein medlem av sentralkomiteen til varamedlem eller å ekskludera han frå partiet, skal dette tiltaket setjast i verk straks. [7]

 

Fyrste utkast til resolusjon på den tiande kongressen til RKP om det syndikalistiske og anarkistiske avviket i partiet vårt

1. Dei siste månadene har det kome klårt til syne eit syndikalistisk og anarkistisk avvik i partiet vårt. Dette krev at det vert teke særs faste åtgjerder med ideologisk kamp, og at partiet vert reinsa og gjort sunt att.

2. Avviket som er nemnd, kjem delvis av at tidlegare mensjevikar har korne inn i partiet saman med arbeidarar og bønder som enno ikkje har teke fullt opp i seg den kommunistiske verdsåskådinga. Men i hovudsak kjem dette avviket av at proletariatet og Russlands kommunistiske parti har vorte utsett for innverknad frå det småborgarlege elementet som er uvanleg sterkt i landet vårt. Dette fører uunngåeleg med seg vakling i retning av anarkismen, særleg i tider då vilkåra for massane har vorte svært forverra som fylgje av feilslegne avlingar og dei øydeleggjande fylgjene av krigen, og då demobiliseringa av hæren på fleire millionar slepte laus hundretusenvis av bønder og arbeidarar som ikkje var i stand til å finna seg ein normal måte å skaffa seg levebrødet på straks.

3. Det teoretisk mest fullstendige og klårt definerte uttrykket for dette avviket (eller: eitt av dei mest fullstendige osb. uttrykka for dette avviket) er tesane og andre litterære produkt frå gruppa i den såkalla "arbeidaropposisjonen". Fylgjande tese som denne gruppa har lagt fram, er tilstrekkeleg illustrerande for dette: "Det er oppgåva til ein allrussisk produsentkongress å organisera styringa av den nasjonale økonomien. Produsentane er organiserte i industrielle fagforbund som skal velja eit sentralt organ til å styra heile den nasjonale økonomien i republikken."

Tankane som ligg til grunn for denne og ei rekkje tilsvarande utsegner, er grunnleggjande feil i teorien. Dei tyder eit fullstendig brot med marxismen og kommunismen, og med dei praktiske røynslene frå alle halvproletariske revolusjonar og frå den proletariske revolusjonen vi står oppe i no.

For det fyrste. Omgrepet "produsent" slår proletarar saman med halvproletarar og små vareprodusentar. Det skil seg såleis radikalt frå det grunnleggjande klassekampomgrepet og frå det grunnleggjande kravet om at det skal trekkjast eit presist skilje mellom klassane.

For det andre. Freistnaden på å vinna, setja dei partilause massane fremst, flørten med dei, som kjem til uttrykk i tesen som er sitert ovanfor, skil seg i like stor grad frå marxismen.

Marxismen lærer - og denne læra har ikkje berre fått formell stadfesting frå heile Den kommunistiske internasjonalen [8] i avgjerdene på den andre kongressen til Komintern (1920) om rolla til det politiske partiet til proletariatet, men ho er og stadfest i praksis gjennom revolusjonen vår - at berre det politiske partiet til arbeidarklassen, dvs. det kommunistiske partiet, er i stand til å samla, skolera og organisera ein fortropp for proletariatet og for heile massen av det arbeidande folket. Berre denne fortroppen er i stand til å stå imot dei uunngåelege småborgarlege vaklingane til denne massen, og dei uunngåelege tradisjonane og tilbakefalla til laugsmessig sneversyn eller faglege fordomar i proletariatet. Berre denne fortroppen kan leia den samla verksemda til heile proletariatet, dvs. leia det politisk, og gjennom det leia heile massen av det arbeidande folket. Utan dette er proletariatets diktatur umogleg.

Den urette forståinga av kva for rolle det kommunistiske partiet spelar i forhold til proletariatet utanfor partiet, og kva den fyrste og andre faktoren har å seia for heile massen av det arbeidande folket, vender seg teoretisk radikalt bort frå kommunismen og er eit avvik i retning av syndikalisme og anarkisme. Dette avviket gjennomsyrar alle synspunkta til "arbeidaropposisjons"-gruppa.

4. Den tiande kongressen til Russlands kommunistiske parti kunngjer at han 6g ser som radikalt feil alle freistnader frå den nemnde gruppa og frå andre personar på å forsvara dei urette synspunkta sine med å syna til paragraf 5 i den økonomiske delen av programmet til Russlands kommunistiske parti. Han tek for seg rolla til fagforeiningane. Denne paragrafen seier: "Fagforeiningane bør til sist nå fram til at all administrasjon av heile den nasjonale økonomien de facto vert samla på deira hender, som ein einaste økonomisk heilskap." Paragrafen seier og at fagforeiningane "på denne måten må sikra uløysande band mellom den sentrale statsadministrasjonen, den nasjonale økonomien og dei breie massane av arbeidande menneske", med det dei "dreg" desse massane "med i beinveges økonomisk styring".

Denne paragrafen i programmet til Russlands kommunistiske parti seier og at ein føresetnad for den tilstanden fagforeiningane "til sist bør nå fram til", er den prosessen der dei i stendig aukande grad "legg av seg den snevre laugstenkinga" og femnar fleirtalet av "og til sist heile" det arbeidande folket.

Til sist legg denne paragrafen i programmet til Russlands kommunistiske parti vekt på at med "grunnlag i lovene til RSFSR [9] og rotfest praksis tek fagforeiningane del i alle lokale og sentrale styringsorgan for industrien".

I staden for å studera dei praktiske røynslene med å vera med å administrera og i staden for å utvikla desse røynslene vidare i strengt samsvar med den framgangen som er oppnådd og dei feila som er retta, legg syndikalistane og anarkistane beinveges fram parolen: "kongressar eller ein kongress av produsentar" som skal "velja" organa for økonomisk styring. Såleis vert den leiande, oppsedande og organiserande rolla til partiet overfor fagforeiningane og proletariatet, og rolla til proletariatet overfor dei halvt småborgarlege og jamvel heilt småborgarlege massane av arbeidande menneske, fullstendig unngått og fjerna. Og i staden for å halda fram med og retta på det praktiske arbeidet med å byggja nye former for økonomi som sovjetstaten alt har teke til med, får vi ei småborgarleg-anarkistisk nedbryting av dette arbeidet, og det kan berre føra til at den borgarlege kontrarevolusjonen sigrar.

5. I synsmåtane til denne og liknande grupper og personar ser kongressen til Russlands kommunistiske parti ikkje berre teoretiske feilslutningar og ei grunnleggjande feil haldning til dei praktiske røynslene med økonomisk organisering som sovjetstyret alt har teke til med. Kongressen ser og eit stort politisk mistak og ein beinveges politisk fare for sjølve eksistensen til proletariatets diktatur.

I eit land som Russland, der dei småborgarlege elementa er i overveldande overvekt, og der krigen uunngåeleg har ført med seg øydeleggingar, utarming, epidemiar, feilslegne avlingar og ekstrem naud og tyngsle, vil dette gje opphav til særleg stor vakling i lynnet til dei småborgarlege og halvproletariske massane. Denne vaklinga går fyrst i retning av å styrkja alliansen mellom desse massane og proletariatet, og så i retning av borgarleg gjenreising. Røynslene frå alle revolusjonane i attande, nittande og tjuande hundreåret syner særs klårt og overtydande at det einaste moglege resultatet av denne vaklinga - dersom einskapen, styrken og innverknaden til den revolusjonære fortroppen til proletariatet vert svekkja det aller minste - er at kapitalistane og godseigarane får att makta si og eigedomen sin.

Av dette fylgjer at synspunkta til "arbeidaropposisjonen" og likesinna element ikkje berre er feil i teorien, men og i praksis er eit uttrykk for småborgarleg og anarkistisk vakling. I røynda svekkjer dei den leiande og konsekvente lina til det kommunistiske partiet og hjelper klassefiendane til den proletariske revolusjonen.

6. På grunnlag av alt dette avviser kongressen til RKP på det sterkaste dei nemnde ideane som eit uttrykk for eit syndikalistisk og anarkistisk avvik, og meiner det er naudsynt:

For det fyrste å føra ein fast og systematisk kamp mot desse ideane.

For det andre å sjå på propaganda for desse ideane som uforeinleg med medlemskap i RKP.

Kongressen gjev sentralkomiteen i partiet i oppdrag å setja desse avgjerdene strengt i verk. Samstundes peikar kongressen på at spesielle artikkelsamlingar, diskusjonshefte osb. kan og må gje rom for ei så uttømmande meiningsutveksling som mogleg mellom partimedlemene om alle spørsmåla som det med dette er peika på.

Noter

1.Den 5. allukrainske partikonferansen - vart halden i Kharkov i november 1920. Berre 23 eller 7 prosent av dei 316 delegatane røysta for plattforma til "arbeidaropposisjonen".

2."Arbeidaropposisjonen" - ei anarko-syndikalistisk fraksjonsgruppe som fyrste gongen stod fram i september 1920 på den 9. partikonferansen. l diskusjonane om fagforeiningane i 1920 og 1921 stod ho fram som ei open fraksjonsgruppe. "Arbeidaropposisjonen" kravde at ein "felles-russisk kongress av produsentar" og ikkje den sosialistiske staten skulle stå i leiinga for økonomien. Gruppa stod vidare for oppfatninga at den høgste organisasjonsforma til arbeidarklassen ikkje skulle vera partiet, men fagforeiningane. Den tiande kongressen til RKP(b) dømde "arbeidaropposisjonen" og slo fast at det ikkje var mogleg å propagandere anarko-syndikalistiske idear samstundes som ein var medlem av det kommunistiske partiet.

3."Dei demokratiske sentralistane" - stod fyrste gongen fram på den åttande kongressen til RKP(b) i mars 1919. Då erklærte dei seg usamde med dei leninistiske prinsippa om oppbygginga av partiet og sovjeta. "Dei demokratiske sentralistane" var mot at partiet skulle ha ei leiande rolle i sovjeta og i fagforeiningane. Dei var mot at einskilde personar skulle leia foretak, og dei meinte at leiarane i industrien ikkje skulle ha noko personleg ansvar. Dei kravde fridom for fraksjonar og grupperingar i partiet. "Dei demokratiske sentralistane" hadde ingen innverknad på massane av partimedlemer. 1 1923 gjekk gruppa i oppløysing, og leiarane danna ei blokk med trotskistane. Leiarane for denne gruppa var Sapronov, Ossinski og Smirnov. På den niande kongressen vart dei stødde av Rykov og Tomski.

4.Mytteriet på Kronstadt - ein kontrarevolusjonær aksjon mot sovjetmakta. Dette mytteriet vart organisert av kvitegardistar i samband med sosialrevolusjonære og mensjevikar og tok til den 28. februar 1921. 1 leiinga for mytteriet stod kvitegardistar som samarbeidde med dei sosialrevolusjonære, mensjevikane og representantar for framande statar. Motstandarane av sovjetmakta nytta denne gongen ein ny taktikk. Målet deira, å attreisa kapitalismen, søkte dei å skjula bak parolen: "Sovjet utan kommunistar". Kontrarevolusjonen freista nytta at dei småborgarlege massane var misnøgde med tilhøva i den unge sovjetstaten. Ein stor del av matrosane på krigsskipa i Kronstadt tok del i mytteriet. Mannskapa her var nye og rekruttert i hovudsak frå bønder som enno ikkje var herda i revolusjonen, og som var særs misnøgde med innleveringsplikta. Dei gamle matrosmannskapa var sende til fronten og den bolsjevikiske organisasjonen i Kronstadt i denne perioden var difor sterkt svekt. Desse tilhøva gjorde det mogleg for dei kontrarevolusjonære å innta Kronstadt. Opprørarane truga no Petrograd. Den internasjonale kontrarevolusjonen gledde seg over sigeren. Men fienden jubla for tidleg. Mytteriet vart slått ned av sovjettroppane. Delegatane frå den 10. partikongressen tok og del i kampen mot opprørarane. Den 18. mars var mytteriet knust. (Sjå SUKP(b)s historie, Forlaget Oktober 1974, side 261-263.)

5.Diskussioni Listok (Diskusjonsbulletinen) - eit diskusjonsblad utgjeve av sentralkomiteen i partiet etter vedtak i partiets niande allrussiske konferanse i september 1920. Det korn ut to nummer før den 10. kongressen.

6. Resolusjonen "Om det syndikalistiske og anarkistiske avviket i partiet vårt".

7. Etter vedtak frå tiande kongressen vart punkt 7 i resolusjonen "Om einskapen i partiet" ikkje offentleggjort på det tidspunktet. Den 13. partikonferansen i januar 1924 fordømde fraksjonsverksemda til Trotski og tilhengarane hans og bestemde at punkt 7 skulle verta gjort kjent.

8.Den tredje kommunistiske internasjonalen, Komintern – ein internasjonal revolusjonær proletarisk organisasjon som samla kommunistiske parti frå ulike land. Komintern eksisterte frå 19191943. Det vart naudsynt å oppretta Den tredje internasjonalen etter splittinga i arbeidarrørsla etter den siste verdskrigen. Den andre internasjonalen braut saman etter at dei opportunistiske leiarane hadde svike sosialismen. Lenin var svært leiande i å grunnleggja Den kommunistiske internasjonalen. Den fyrste kongressen vart halden i Moskva frå 2. - 6. mars 1919 og vedtok eit manifest til arbeidarane i verda. Her vart det peika ut at Komintern ville fylgja ideala til Marx og Engels slik dei var uttrykte i Det Kommunistiske Partis Manifest. Komintern gjenoppretta og styrkte banda mellom dei arbeidande folka i alle land og hjelpte til å avsløra opportunismen i den internasjonale arbeidarrørsla. Komintern konsoliderte dei unge kommunistiske partia og utforma strategien og taktikken til den internasjonale kommunistiske rørsla. I mai 1943 vedtok eksekutivkomiteen i Komintern å oppløysa Den kommunistiske internasjonalen.

9.RSFSR – Den russiske sosialistiske føderasjonen av sovjetrepublikkar.


Sist oppdatert 30 / 09 / 2000
rolf@marxists.org